Utedoen

Denne siden er for å samle opp alle kommentarer jeg av ulike grunner modererer bort fra bloggen..


Innlegget under ble moderert bort da Engene legger seg på et debattnivå som ikke er akseptabelt i denne bloggen når han for eksempel kaller folk for hjernevasket. Kommentaren var respons til: http://klimarealisme.blogspot.no/2013/06/engenes-feilaktige-klimapastander.html

Hans Olav

Redaktøren i Utdanning, Knut Hovland, som er like hjernevaska i Klimareligionen som dei fleste journalistar, nekta å ta inn dette svaret mitt til Hans Olav Hygen, så les det heller her:

Per Engene,
Valenvegen 208,
3800 Bø i Telemark. 29. april 2013.
Tlf.: 35 95 12 44.
Epost: prengene@online.no

Hans Olav Hygen kverulerer om temperaturar.
I Utdanning 8/2013 refererer Hans Olav Hygen til innlegget mitt med å hekte seg opp i ”bearbeidede” temperaturar som det stadig blir sjonglert med. Sjølv held eg meg berre til målte temperaturar som kan samanliknast frå år til år.
Eg påviste i innlegget kor upålitelege ”globale” temperaturar er, med ”globale” i hermeteikn. Kanskje Hygen som spesialist kan definere kva ”global temperatur” skulle vera? Svært mange ekspertar hevdar at det er eit uttrykk som er umogeleg å definere! I 1970 målte dei middelverdien frå 6000 målestasjonar, i 2000 var det att berre 2000 stasjonar, og i dag om lag 1500. Det er innlysande at når dei vel fritt mellom desse stasjonane, og talet på stasjonar varierer så mykje, så blir grunnlaget for samanlikning borte. ”Globale” temperaturar er ikkje til å stole på.
I resten av svaret sitt ser det ut til at Hygen meiner det ikkje finst ein urbaneffekt i store byar? Der er han visst ikkje oppdatert? Store byar har eit klima som kan vera 5-6 grader varmare enn området straks utanfor pga. bruk av mykje energi til oppvarming, næringsdrift, biltrafikk og luftavkjøling om sommaren – og store asfalterte område som verkar som solceller, den såkalla urbaneffekten. Småbyar med 4-6000 menneske er i snitt 2,5 grader varmare enn landskapet like utanfor. Men her i tettstadene ligg målestasjonane for klimaet, og derfor kan meteorologane påvise at temperaturen har gått opp i byane dei siste hundre åra etter kvart som folketalet og verksemda i byane har auka. Utanfor byane har temperaturen gått ned dei siste åra, kanskje 3 grader i middel, så temperaturen rettar seg ikkje etter kravet frå IPCC. Utsleppa av CO2 har auka frå mindre enn 1 mrd. tonn per år i 1934 til 34 mrd. tonn i 2011, og likevel er temperaturen mykje lågare no enn i 1934.
Men rosina i pølsa er spådommane til Hygen om vinterveret dei siste fire åra. Met. Off. i England har med grunnlag i den kondemnerte Mann-kurva i mange år spådd varmare ver for kvar vinter, men utan å få rett. Ved Met. inst. i Oslo har dei klokkartru på meldingane frå England, så i okt. 2009 sende dei ut eit sesongvarsel for des. 2009 – febr. 2010 (ABC-nyheter): ”Met. Inst. har utarbeidet et sesongvarsel for vintermånedene desember, januar og februar. Det viser en temperatur 1-2 grader varmere enn normalt. - Grovt sett ligger det 1,5 grader over normalen. Litt mer på Østlandet, ikke fullt så mye langs kysten av Vestlandet og oppover, sier klimaforsker Hans Olav Hygen ved Met. inst. til ABC-nyheter”. Den kaldaste vinteren på mange år med is heilt ut til Ferder og med temperaturar mykje under normalen 1960-90 viser at Met. inst. og Hygen ikkje er til å stole på når det gjeld klimaet. For alle dei tre vintrane 2010-13 kom Met. inst. med det same varselet på nytt, og dei tok feil gong på gong! Det må vera flautt for ein vitskapleg institusjon, men dei lærer visst aldri? Men det viser at verken klimamodellane eller hockeykølla, temperaturkurva til Michael Mann, er til å stole på. Legg også merke til at desse sensasjonelle resultata med spådommar som ikkje slår til, aldri vart refererte av media, aviser, radio eller fjernsyn i Noreg! Det er ikkje mindre enn oppsiktsvekkjande, så ivrige som media er etter å slå opp sensasjonar.
Media sparer Hygen med å la vera å slå opp brølarane hans, men kanskje han skulle gå litt stillare i dørene, likevel?

Per Engene, biolog, miljøaktivist og stiftar av organisasjonen Klimarealistane
SvarSlett


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar